Intropost
Dei siste 15 åra har Sortere gjort det enklare for deg å gjera ditt, ved å gje deg svar på korleis du sorterer og leverer ulike typar avfall. For mange er det like naturleg å bruke Sortere når du lurer på kor rein plastemballasjen må vere, som det er å bruka Google når du lurer på når skattemeldinga eigentleg skal inn. Det er vi veldig stolte av.
Når vi sorterer, bruker vi naturressursane smartare. Men, med eit stadig aukande forbruk og ei verd som vert tømt for ressursar, er ikkje sortering lenger nok. Dei siste åra har Sortere jobba meir med korleis vi alle kan laga mindre avfall og ta gode forbruksval, og no har Sortere nye nettsider som gjer det enklare å ta vare på ressursane.
Du kan framleis bruke Sortere når du lurer på kva som skal kor, og søka har blitt endå betre. Endå meir presis. Men, no kan du òg bruke Sortere når du lurer på korleis du skapar mindre avfall, kva emballasjen eigentleg er laga av, eller kvifor du skal gidde å sortere og redusere avfall. På Sortere vil du få svara, rettleiinga og inspirasjonen du treng.
Bildemulighet: https://unsplash.com/photos/6YFEAJzVsfg
Om hva skjer etter du har sortert
Når du går ut med søpla om morgonen står avfallsdunken, som var full i går kveld, tom og klar for nye posar. Kva har eigentleg skjedd? Når avfallet vert henta heime hos deg, byrjar reisa gjennom eit komplekst og fascinerande system. På nye Sortere.no kan du bli med på turen, og få full oversyn over kva som eigentleg skjer med drikkekartongen, elektronikken, glasemballasjen, metallemballasjen og plastemballasjen etter du har sortert han.
Bildemulighet: https://stock.adobe.com/no/images/steel-foundry-iron-foundry-smeltery/278758256
Om Hvorfor Sortere
Glas er laga av smelta sand. Det er sand overalt og difor kan det vere fort gjort å tenke at det er ein ressurs vi har uendeleg mykje av. Vi har sand i badebuksa, sand i skoen, sand i nesten alle land. Likevel er sand ein avgrensa ressurs, fordi vi bruker så mykje av han.
Dei siste 20 åra har verdas bruk av sand tredobla seg, og i dag er sand den naturressursen vi bruker nest mest av (vatn er på førsteplass). Vi brukar sand raskare enn vatn og vind klarer å lage ny, og det gjer at sandbudsjettet vårt er i minus. Skikkeleg i minus.
Når vi sorterer, er vi med på å halde etterspørselen av nye ressursar nede. Når du sorterer syltetøyglaset og vinflaska, sørger du for at det kan lagast nye produkt av desse, i staden for at vi må hente ut ny sand. Det gjev i tillegg mindre klimagassutslepp. Sorterer vi glasemballasje er vi òg sikre på at glaset ikkje hamnar i naturen, der den har ein vanvitig lang nedbrytingstid (opptil ein million år!), samtidig som den kan gjere stor skade på natur, dyr og menneske. Kanskje på tide at vi behandlar glas og sand litt meir som gull, litt mindre som gråstein?
Det du las her er ein liten bit av nye sortere.no, der du kan bli betre kjent med naturressursane som tinga våre er laga av. Vi lovar at det å sortere ikkje blir det same igjen, når du veit at syltetøyglaset eigentleg er sand. At makrell i tomat-boksen har reist heilt frå ekvator.
Bildemulighet: https://unsplash.com/photos/jgPcjw2tBVc
Hvorfor redusere
Spør du den eldste du kjenner, kan vedkommande fortelja deg at dei hadde eit annleis forhold til ting før. Folk flest hadde ikkje meir enn dei trong, og dei tinga dei hadde, dei tok dei skikkeleg godt vare på. Dei som er eldst i dag pleidde til dømes å utnytta og ete heile dyret. Det var vanleg å lappe buksekne og stoppa sokkar, før dei utslitne tekstilane kanskje enda opp som filleryer. Å halde ved like og reparere var ei sjølfølge og ei nødvendigheit.
I dag har vi fast food og fast fashion. I Europa i dag kjøper vi over dobbelt så mange klede som for 15 år sidan, og vi bruker dei berre halvparten så lenge. Og det er ikkje rart vi kjøper meir nytt enn før. I dag er det som oftast mykje billegare å gjere det, enn å reparera det vi allereie har. Tinga våre er òg av ein heilt annan kvalitet enn tidlegare. Plagg som før vart handstrikka i ull, er i dag maskinstrikka i polyester. “Nye” produkt som mobiltelefonar er ikkje meinte for å vara lenge.
Korleis har vanene våre endra seg? Korleis har vi vorte til eit bruk og kast-samfunn? Kvifor meiner vi at dei som produserer og sel tinga vi omgir oss med har det største ansvaret? Og kva kan vi alle gjere for å bruka og bevara det vi har, litt som i «gamledagar»?
Les «Alt vi bruker er en del av jordkloden» på nye Sortere.no og få tips til kva du kan gjere for å lage litt mindre avfall.
Lenke: https://sortere.no/hvorfor-redusere
Bildemulighet: https://unsplash.com/photos/ztfb85G4Pos