Lokal informasjon om tekstilar på Sortere
Legg inn eigne avfallsordningar for klede og tekstilar, enten som returpunktordning eller henteordning. Returpunktordning blir nytta dersom tekstilar blir leverte på gjenvinningsstasjonar. Nedanfor finn du våre forslag til tekstar.
Forslag til namn: Brukbare og øydelagde klede og tekstilar
Avfallstypar: Brukbare klede og tekstilar + Øydelagde klede og tekstilar + Brukbare sko
Hos <namn på IKS/kommune> leverer du reine og tørre brukbare og øydelagde klede og tekstilar i same pose på næraste gjenvinningsstasjon. Her kan du òg levere brukbare sko.
Øydelagde, tilgrisa eller våte sko som ikkje kan brukast slik dei er, kastar du i restavfallet. Våte og skitne klede og tekstilar kastar du òg i restavfallet.
Legg inn to ulike ordningar – ein for kvar straum.
1. Forslag til namn: Brukbare klede, tekstilar og sko
Avfallstypar: Brukbare klede og tekstilar + Brukbare sko
Brukbare klede og tekstilar leverer du i eigne posar på næraste gjenvinningsstasjon. Desse kan òg leverast til ombruksaktørar. Her kan du òg levere brukbare sko.
Øydelagde, tilgrisa og våte sko som ikkje kan brukast slik dei er, kastar du i restavfallet.
2. Forslag til namn: Øydelagde klede og tekstilar
Avfallstypar: Øydelagde klede og tekstilar
Reine og tørre øydelagde klede og tekstilar leverer du i eigne posar på næraste gjenvinningsstasjon.
Våte og skitne klede og tekstilar kastar du i restavfallet.
Til avfallstypane: Brukbare klede og tekstilar, Øydelagde klede og tekstilar, Brukbare sko
Vi anbefaler at alle selskap legg ut informasjon om kva ordningar for tekstilar som er i deira kommunar. Den nasjonale tilleggsinformasjonen under kan de skjule når lokal tilleggsinformasjon er lagt inn.
Denne teksten er lagt inn som nasjonal tilleggsinformasjon for Brukbare klede og tekstilar, Øydelagde klede og tekstilar og Brukbare sko:
Det er ulike løysingar for innlevering av klede og tekstilar frå kommune til kommune. Sjekk kva ordning som gjeld i din kommune eller finn næraste leveringsstad.
Når brukbare og øydelagde klede og tekstilar vert leverte saman:
Hos <navn på IKS/kommune> kan du levere brukbare og øydelagde klede og tekstilar i same pose på næraste gjenvinningsstasjon. Her kan du òg levere brukbare sko.
Øydelagde, tilgrisa og våte sko som ikkje kan brukast slik dei er, kastar du i restavfallet.
Når brukbare og øydelagde klede og tekstilar vert sorterte kvar for seg:
Slik vert klede og tekstilar handtert hos <navn på IKS/kommune>:
- Brukbare klede og tekstilar leverer du i eigne posar på næraste gjenvinningsstasjon. Desse kan òg leverast til ombruksaktørar. Her kan du òg levere brukbare sko.
- Øydelagde klede og tekstilar leverer du i eigne posar på næraste gjenvinningsstasjon.
Øydelagde, tilgrisa og våte sko som ikkje kan brukast slik dei er, kastar du i restavfallet.
Nedanfor ser de nasjonale sorteringar for produkttypar innan tekstilområdet. Desse er oppretta nyleg. Dersom de har ei anna sortering enn den nasjonale, kan denne tilpassast under “Sorteringar” på admin.sortere.no.
Produkttype | Nasjonal sortering |
---|---|
Skitne klede | Restavfall |
Våte tekstilar | Restavfall |
Øydelagde klede | Øydelagde klede og tekstilar |
Utslitne klede | Øydelagde klede og tekstilar |
Holete klede | Øydelagde klede og tekstilar |
Rivne tekstilar | Øydelagde klede og tekstilar |
Misfarga tekstilar | Øydelagde klede og tekstilar |
Flekkete klede | Øydelagde klede og tekstilar |
Øydelagde sko | Restavfall |
Einslege sko | Restavfall |
Utslitne sko | Restavfall |
Våte sko | Restavfall |
Tilgrisa sko | Restavfall |