Ha n\u00e6ringsvett: Ta vare p\u00e5 matvarene<\/h2>\n
Kvart \u00e5r kastar kvar og ein av oss 42 kilo mat som kunne vore spist, i f\u00f8lge Matvett og \u00d8stfoldforskning. Det betyr at kvar \u00e5ttande handlepose g\u00e5r rett i s\u00f8pla, n\u00e5r det eigentlig ikkje burde vere naudsynt \u00e5 kaste mat i det heile teke. I alle fall ikkje om me planlegg innkj\u00f8pa v\u00e5re, oppbevarar maten rett og brukar sansane v\u00e5re. Sj\u00e5, lukt og smak!<\/p>\n
For 40 \u00e5r sidan var det f\u00e5 som snakka om kasting av mat og sl\u00f8sing med r\u00e5varer. D\u00e5 \u00e5t me opp maten v\u00e5r og lagde nye rettar av restane fr\u00e5 i g\u00e5r, utan \u00e5 lure p\u00e5 om det ville smake godt eller vere trygt. Gradvis har me byrja \u00e5 stille h\u00f8gare krav til mattryggleik og tilbodet av r\u00e5varer, samstundes som me har blitt meir avhengige av ferdigmat for \u00e5 f\u00e5 kvardagen til \u00e5 g\u00e5 i hop. Me utnyttar sjeldan heile r\u00e5vara, og mange veit ikkje korleis dei skal f\u00e5 brukt opp restane. Matsvinn st\u00e5r aleine for \u00e5tte prosent av klimagassutsleppa i verda.<\/p>\n
Best f\u00f8r versus siste forbruksdag<\/h3>\n
Ein grunn til at vi kastar mykje mat er fordi den har g\u00e5tt ut p\u00e5 dato. Vi veit ikkje kva som er skilnaden p\u00e5 best f\u00f8r og siste forbruksdag, og er ikkje trygge p\u00e5 korleis mat skal lukte og sj\u00e5 ut n\u00e5r den ikkje er heilt fersk, men framleis er spiseleg. Vi kastar med andre ord mykje mat fordi me ikkje veit betre. Vi trur maten er blitt d\u00e5rleg og er redde for \u00e5 bli sjuke, til d\u00f8mes av hard ost med mugg p\u00e5. Difor kastar me den. N\u00e5r det eigentleg berre er \u00e5 skjere bort muggen med kniv.<\/p>\n
Langreiste \u201cleft overs\u201d<\/h3>\n
Ein annan grunn til at vi kastar mykje mat, er at vi ikkje er medvitne om at mat er ein verdifull ressurs som har reist langt for \u00e5 kome til tallerkane v\u00e5re. Banan er ei matvare som ofte har reist sv\u00e6rt langt, for eksempel fr\u00e5 Colombia i S\u00f8r-Amerika, fordi den trivst best under varme og solfylte forhold. Det er omlag 10.000 kilometer unna \u2013 alt for langt for \u00e5 ende opp som matavfall fordi vi kj\u00f8per for mykje mat, lagar for mykje mat, eller ikkje tek godt nok vare p\u00e5 restane. All mat har ein verdi, og det er viktig \u00e5 spise opp alt du har kj\u00f8pt. Brune bananer kan brukast i bakst, t\u00f8rt br\u00f8d kan bli til krutongar, og slappe tomatar h\u00f8ver seg godt i pastasaus.<\/p>\n