Øyvor Bakke, NRK programleder
Eg bur i Bergen og på kjøkkenet mitt sorterar eg ut papir/papp/kartongar, plast og glass/metall. Det må vera enkelt for folk å kjeldesortera, for då er sjansen større for at fleire gjer det, trur eg. Og kommunen/returselskapa må leggja godt tilrette. Me treng nok returpunkt og det må vera gode ordningar for å få levert inn dei ulike typane avfall. Heldigvis har eg gode returpunkt i nabolaget og det gjer det lett å vera flink!
I fjor haust starta plastemballasjeinnsamlinga for alvor i Bergen og eg fekk sjokk då eg såg kor mykje plast som eigentleg hadde havna i restavfallet før. Eg er også nøye på å levera farlig avfall, elektriske artiklar osv. i spesialkontainer eller levera det inn igjen til butikkar. Og eg er ein racer på å panta flasker! Kjeldesortering har absolutt noko for seg. Det gjer det mykje lettare å gjenvinna avfall slik at det kan brukast til nye produkt – og det startar heime hjå deg og meg. Jo fleire som sorterar, dess betre blir det – for alle monnar drar!
08-04-10
Legg igjen en kommentar